Fredagssamling veke 4
Publisert 27.01.2012 av Svein-Arve Alnes
I dag var det Lena som hadde fredagssamlinga på Skjong barneskule. Vi starta opp med å synge bursdagssangen til ei jente som hadde bursdag i går(torsdag), før Kometgruppa kom fram og viste fram ting som starta med bokstaven P, som er veka sin bokstav. Etter det fekk elevane fortelje til resten av elevane på skulen kva dei hadde lært denne veka. Nokon hadde lært seg nye engelske ord, nokre hadde lært rekkjefølgja på planetane, medan andre kunne stolt seie svaret på ulike matematiske oppgåver. 3.årselevane sang ein engelsk sang. There is a spider in the bathroom heitte den. Så var det eit innslag frå verkstad der Tellus og Sol sang planetsangen og to gutar las opp fakta frå planetane Jupiter, Saturn og Tellus(planeten vi bur på). Vi tok og opp vårt neste fokusområde på skulen, som var å halde garderoba i orden. Lena viste teatralsk kva som kan hende om det ligg tøy i gangen og ein vaksen kjem gåande med mykje dyrt utstyr i hendene. Til slutt var det overrekkelse av Ryddefjøla.
Vis bildearkiv
I dag var det Svein-Arve som leia fredagssamlinga. Samlinga inneheldt nokre av dei faste postane: vekas bursdagsbarn, Terje har ordet, og innslag frå verkstad.
Vis bildearkiv
Her ligg vekeplanen for SFO. (Gå inn på SFO si side for å opne filvedlegget).

Sommer-stengd SFO veke 27-28-29-30:
Fyrste feriedag laurdag 30. juni, og fyrste SFO dag skuleåret 2012-2013 måndag 30. juli
Vis filvedlegg
Åse-Marie leia fredagssamlinga i dag. Første post på programmet var å markere bursdagsbarn. Ei jente frå månegruppa har hatt bursdag denne veka. Gratulererer med 7-års dagen til ho! Deretter var det presentasjon av elevar som har gjort seg fortjente til å få smilefjes denne veka. 3. års elevane viste oss ein engelsk song med bevegelser. 2 elevar delte nokre vitsar med oss. Ryddefjøla gjekk vidare til marsgruppa. Til slutt lærte Åse-Marie oss ein leik som heiter "Kyrre-kyrre".
Vis bildearkiv
Denne veka har vore inspirasjonsveke til vårt neste verkstadtema om VERDSROMMET. På tysdag var heile skulen på gymsalen til Valderøy ungdomsskule for å lære om stjernehimmelen. Torbjørn Urke frå Volda viste oss stjernehimmelen i stjerneteltet sitt. Både voksne og elevar fekk i dag lære mykje om både ulike stjerner, stjerneteikn og stjernebilete. Han sorterte ut det mest sentrale frå dette store og omfattande temaet. Han fokuserte på på stjernene Sirius og Nordstjerna. Av stjernebileta er det Orion og Karlsvogna vi lettast kan observere på vår nattehimmel. I tillegg viste han oss dei ulike stjerneteikna som krepsen, løva, steinbukken osv. Han delte med oss nokre myter frå både samisk og gresk mytologi. Alt dette lærestoffet skal vi dei neste vekene både repetere og arbeide vidare med på ulike måtar. Vi takkar Torbjørn Urke for ei spanande og lærerik stund i stjerneteltet sitt.
Lisbeth leda, og starta med å ynskje alle godt nyttår. Vi song bursdagssong for dei som har hatt bursdag i jula og denne veka i januar. Så fekk alle som har fått smilefjes kome fram. Dei frå storteamet hadde fått fordi dei har hjulpet oss vaksne med mykje praktisk i julestria :), og jenta frå Måne fekk fordi har jobbar så godt i timane. Rektor kom og tok fram elevrådsleiaren. Han hadde kjøpt inn nye uteleikar som han overrakk til elevrådet. Så fekk ein frå trivselsledarane kome fram å tok i mot dei nye KIN-ballane som vi skal spele med i midttimen. Lisbeth informerte om at heile skulen skal til ungdomsskulen på tysdag neste veke for å sjå stjernehimmelen i teltet til Thorbjørn Urke. Dette fordi vi skal ha opplevingsveke til verkstaden Verdsrommet som startar opp i veke 3. Jupiter beholdt rydde-fjøla ei veke til, og heile skulen dansa trivselslederdansen tilslutt. God helg!
Vis bildearkiv
Gode resultat i matematikk
Publisert 09.12.2011 av Terje Austnes
Vi vil gratulere elevane på Skjong barneskule med svært gode resultat i matematikk på nasjonale prøver i 2011. 46 % av elevane våra låg på høgaste nivå, noko vi er svært fornøgd med. Landsgjennomsnittet i matematikk er på 2,0 (på ein skala i frå 1 til 3, der 3 er høgaste nivå), og Skjong barneskule sitt snitt var på 2,3.
Fredagssamling veke 48
Publisert 04.12.2011 av Hanne Hasle
I dag var det Thea som leia fredagssamlinga. Det var ingen fødselsdagsbarn denne veka. Elevrådet hadde i dag eit lite samandrag frå det siste møte. Dei let alle få høyre kva saker dei ulike gruppene ville at elevrådet skulle diskutere. Sakene gjekk på alt frå handtering av TL`ane sine leiker og at ei gruppe ville ha fleire bøker og hyller. Elevrådet fekk også halde fram gåvesjekken som viser at Skjong Barneskule har samla inn 20 000 kr til Redd Barna sitt arbeid i Somalia. Leseaksjonen er no avslutta og dei elevane som har lest flest bøker og flest minutt fekk kome fram og ta imot ros. På småteamet var det Komet som vann. Dei hat ei overrasking i vente. På storteamet var det ei jente frå Jupiter som gjekk av med sigeren. Ho fekk dermed vandrepokalen for flest leste minutt. På slutten av samlinga hadde vi songøving til julefesten.
Vis bildearkiv
 
Utviklet av Stian Godø (www.stiang.net)

Webansvarleg: Terje Austnes | Webutvikling: Stian Godø | Laster.. sidevisningar sidan 30.05.06 | Administrator